Månedlige arkiver: august 2012

NMT på Torsdag 30. august 2012

Tor Magne tok i mot 35 deltakarar i kveld. Ingen nykomarar i dag. Tor Magne baud på lang, god og grundig oppvarming, og etter litt villeiande stivalg frå underteikna (Erlend) i skogen, kom alle seg gjennom den nye utvida 8-talsvarianten, som Einar og Øyvind kvar for seg har utarbeidd. Vi klarte å leie alle på rett spor når alvoret byrja med ein fin pyramidevariant med 1-2-3-1-2-3-1min og 30sek-30sek-1min-30s-30s-1min pause mellom draga. Deltakarane vart så gjeta ned på friidrettsbana der fleire runder med funksjonell styrke venta. Vi vonar alle fekk køyrt seg godt i kveld og. -Topp stemning! Vi ynskjer alle velkomne til debut-økta for betalt NMT på Tysdag 4. september med Jørgen og Eigil.

-Tor Magne & Erlend-

 

NMT på Tirsdag 28. august 2012

Veldig bra innsats av alle 44 deltakere (sterkt!) på dagens økt, som bestod av en del nye intervallvarianter og mange styrkeøvelser med rare navn.

Etter en god oppvarming med noen innlagte styrkeøvelser gikk vi over i 3 x 2 minutters løsintervaller med fartsøkning hvert halvminutt på Hvamodden. Veldig bra presset av alle sammen. Her var det høy fart og opp mot maks puls de siste halvminuttene!

Den rene løpsintervallen ble avløst av 3 x 2 minutters intervaller med styrkeøvelser og vending 180 grader på signal. Push-ups med klapp, sit-ups med hoftehev og vår gode venn fra Amerika sørget for høy puls og godt treningsutbytte også på denne intervallen.

Rolig nedløping tilbake til idretsplassen der 4 nye 2- minuttere med styrkeøvelser ble gjennomført. Mage: Thin Tummy m/ sykling, Russian Twist, Sit-ups med hoftehev & Planke. Rygg: Ståles rygghev, 1 fots deadlift m/ strakt ben, Knestående diagonalløft (arm/ fot) & 1 fots deadlift m/ strakt ben. Ben: 1 fots knebøy, Amrikaner, 1 fots knebøy & Spensthopp. Bryst/ overkropp: Push-ups, Triceps m/ hoftehev, Planke opp ned fra albue & Svømming med klapp på hoften.

Det er gøy å trene selv, men jammen er det ikke gøy å trene andre også!

Bra innsats av alle sammen i deilig høstlig treningsvær. Ønsker også våre nye venner fra Island Simon og Herðinfur velkommen til NMT. Bra debut!

Treningshilsen fra kveldens instruktører Øyvind (HI) og Espen (HJI)

Birkebeinerrittet 2012 vart ei smertefull oppleving.

Eit bilete seier meir enn tusen ord.. Skrikande i kramper etter målpassering vart eg eit lett bytte for NRK Hedmark/Oppland..

Årets Birkebeinerritt vart ei manndomsprøve utanom det vanlege for underteikna. Alt låg til rette for ei god tid, trudde eg. Veret vart fint, det var tørt, ikkje for kaldt, eg hadde etter måten trent bra i sommar, og hadde persa med 15 minutt på Grenserittet for tre veker sidan.

Eg hadde lagt opp eit skjema til under 3:30, og brukt «mellomtidskalkulatoren» på Birkebeinersidene, synest det såg ambisiøst ut med tanke på åpningstempo til Skramstad, men her er det berre å peise på, tenkte eg.. Eg hadde fylt opp næringslagra i kroppen med både vått og tørt,  pasta dagen før, havregrynsgraut til frukost, to brødskiver på veg til Rena.  I år kjøpte eg til og med «full pakke» frå Enivit Sportsernæring med diverse gel, sportsdrikk, «carb pre-loader» og gud veit kva. Endog til det selgaren kalla «krampeforsikring», kjøpte eg. «Krampeforsikring», -jaggu sa eg smør!

Kom litt seint til oppstilling i pulja mi og hamna litt bak i starten, var veldig offensiv og jobba meg langt fram i pulja etter start. Blei veldig masete, og kjende at dette var eigentleg ei svært tøff opning, for meg, endå eg låg «bak skjema». Første tendensar til krampe i leggen allereie ned mot Djuposet. «Det går nok over i gå-partiet», tenkte eg.

Men etter omlag tre mil skjønte eg at dette blir ikkje betre, det krampa seg meir og meir, først  framside høgre lår. Måtte ned og ned i fart, alle sykla frå meg, og dei som tok meg att, greidde eg ikkje å henge på utan at det låste seg heilt. Når eg så skulle prøve å riste litt laus i ein slak nedoverbakke etter rundt fire mil, vart det bom stopp og eg måtte velte meg av sykkelen og prøve å tøye ut det verste i fem minutt. No var alt om tid gløymt, og det galdt å kome seg til mål.

Kvarstad-Storåsen blei eit endelaust slit der den eine bakenden større enn den andre susa forbi meg. Eg var i grunn fast bestemt på at dette er siste gong eg syklar Birken. Frå Storåsen og til mål er det rett nok mykje nedover, men også nokre bakkar, og tildels litt rufsete underlag ein del stader. Ein fem-seks km før mål stod eg igjen tvikroka og skreik i kramper, då ein lattermild, men venlegsinna publikummar kom bort og hjelpte meg på sykkelen igjen og skubba meg i fart. Jaudå, Birken er stas!

Eg trilla over mål etter 3 timar og 46 minutt , og kan med handa på hjartet seie at dette er den verste seig-pining eg har vore bort i. Eg føler eg fekk testa hovudet og viljen litt, og det er jo greit, det og..

No får vi håpe på eit godt treningsår saman i NMT, så får vi sjå om ikkje det blir Birken til neste år og. Det er for gale å gje seg med ei slik oppleving.

Helsing «ein slagen mann»

 

NMT på Torsdag 23. august 2012

Nok en glimrende innsats av 36 deltagere på kveldens NMT Økt! Siden sist tirsdag ble gjennomført på Hvamodden valgte vi denne gangen å legge intervalldelen til utvidet 8-tall. Mange stigninger og kuppert terreng gjør løpingen til en annen opplevelse enn man får på flatt underlag. Andre muskler jobber og disponeringen av krefter får større betydning. For å varierer på intervall lengden forsøkte vi denne gangen 5 drag à 3 min, med 1 min pause mellom hvert drag. Gav klare instrukser på rolig start på første drag, for deretter å gi på fra drag to. Et imponerende tempo og god innsats fra samtlige. En ekstra oppmerksomhet til Darek som fikk en spiker gjennom skoa, men trakk den ut og fullførte intervallen. Imponerende!

Forflyttet oss deretter til friidrettsbanen hvor vi gjennomførte 2 serier med styrketrening. 4 øvelser, 30 sekunders arbeid i to runder før pause på 1 minutt. Amerikaneren, sideplanke, roende sit-up og rygg crawl ble utført med stil og etterhvert tunge pust.

For å toppe økta, og få ut det aller siste av styrke og utholdenhet, avsluttet vi kveldens økt med litt ekstra kos. Aligatorkrabbing over gitt lengde, 5 stk push-ups i enden, løp tilbake, 5 sit-ups for så å gjennta aligatorkrabbingen. Denne øvelsen ble kjørt i 2 minutter x 2 serier. Etter denne avsluttningen var det ikke mye krefter igjen å spore i armene til 36 slitne utøvere. To fornøyde instruktører kunne samle troppen til oppsummering og konkludere med en vel gjennomført økt! Formen til utøverne er stigende og vi liker utviklingen og innsatsen!

Vi trenes!

Camilla & Eigil

NMT på Tysdag 21. august 2012

Carl-Fredrik Rook hadde leiinga i kveld! Han tok i mot 52 deltakarar, av dei seks nye! Damene har verkeleg byrja å gjere sitt inntog, og det likar vi,-topp stemning! På Hvamodden baud Carl-Fredrik på pyramideintervall 2-3-4-3-2 min med 30 sek pause og seriepause 2 min etter 4 minuttsdraget. Dette krev god disponering, og de var flinke! Herleg å sjå taktomslaget på 95% av deltakarane siste to minutta. Eg vert glad av å sjå slikt; med smil om munn gutsa menn og kvinner til! Etter intervall bar det tilbake i samla flokk, på to rekker til friidrettsplassen med tøff styrkeintervall: 45 sek x 5 øvingar, to runder, eit min pause. Og jammen rakk vi ein kjapp runde utfall, amerikaner, utfall, amerikaner utan pause til slutt!

Ei solid økt, signert Carl-Fredrik og ein fantastisk inspirerande gjeng deltakarar! Takk for i kveld, og gled dykk til Camilla og Eigil på torsdag! Vil spesielt helse til dei nye i kveld: Camilla, Bente, Christoffer, Ulrika, Morten og Vibeke, flott innsats! Meld dykk på og møt opp, igjen og igjen!

Carl-Fredrik & Erlend

Avslutning i sluttet sirkel, med åpen evaluering og lungebrøling!