Sterk NMTèr i Grenserittet!

2011:                       2012:
21 km:    0:56:13     0:48:56
42,7 km: 1.56.13     1:44:08
57,7 km: 2:34:28     2:19:12
69,4 km: 3:02:43     2:46:46
80 km:    3:23:42     3:08:15

Som du ser, gjekk det betrakteleg raskare i byrjinga i år, vi var offensive frå start. Drog litt mykje i byrjinga, for lite trent i å sykle i rulle, der ein er flinke å sleppe seg ut, ofte. Eg er vande med at Mr. Aall fossar forbi når det går for seint, ikkje at eg må legge meg ut. Fekk problem med byrjande kramper i låra frå ca 30 km, så eg måtte vere forsiktig og måtte sleppe gruppa eg sykla med. Tapte mykje tid siste 2-3 mila, der det burde gått mykje fortare, men når krampa sit, må ein lette på tråkket, sånn er det berre. Neste år blir det under 3t på Grenserittet, det er klar målsetjing. På Birkebeinerrittet, 25.august er det klar målsettjing å kome under 3:30, fjoråret klarte eg 3:43:45. Moro å sykle såpass bra med beskjedent treningsgrunnlag, 475 km på sykkelsetet før Grenserittet er ikkje for mykje akkurat. No blir det fint med nokre NMT-økter og to-tre sykkeløkter i veka dei to neste vekene, så får vi sjå kva det held til på Birken!

Helsing, Erlend

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.