NMT på Tysdag 21. august 2012

Carl-Fredrik Rook hadde leiinga i kveld! Han tok i mot 52 deltakarar, av dei seks nye! Damene har verkeleg byrja å gjere sitt inntog, og det likar vi,-topp stemning! På Hvamodden baud Carl-Fredrik på pyramideintervall 2-3-4-3-2 min med 30 sek pause og seriepause 2 min etter 4 minuttsdraget. Dette krev god disponering, og de var flinke! Herleg å sjå taktomslaget på 95% av deltakarane siste to minutta. Eg vert glad av å sjå slikt; med smil om munn gutsa menn og kvinner til! Etter intervall bar det tilbake i samla flokk, på to rekker til friidrettsplassen med tøff styrkeintervall: 45 sek x 5 øvingar, to runder, eit min pause. Og jammen rakk vi ein kjapp runde utfall, amerikaner, utfall, amerikaner utan pause til slutt!

Ei solid økt, signert Carl-Fredrik og ein fantastisk inspirerande gjeng deltakarar! Takk for i kveld, og gled dykk til Camilla og Eigil på torsdag! Vil spesielt helse til dei nye i kveld: Camilla, Bente, Christoffer, Ulrika, Morten og Vibeke, flott innsats! Meld dykk på og møt opp, igjen og igjen!

Carl-Fredrik & Erlend

Avslutning i sluttet sirkel, med åpen evaluering og lungebrøling!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.