NMT på Torsdag 27. september 2012

10 møtte til første økt, 21 til andre økt. Ein ny mann i dag, Marius, velkomen! Øyvind baud, som vanleg, på nye variantar over kjende tema. Ny runde i barkebakken med løping opp grusbakken, over og ned til fortau, over og ned forbi furua med «slalom-hopp» ned bakken, så løp. 4x4min, eit min pause melllom intervallane. Artig å sjå korleis folk legg opp løpet, nokre går ut med dødsforakt, og fell for eiga øks, andre er kanskje vel forsiktige ut, men kjem etterkvart. Så gjekk turen inn i «spa-avdelinga» med to flotte mage-rygg-runder på 4min kvar. Så kom toppen til slutt med løping., 3×2.5min i stort rektangel med 2xpushups i kvart hjørne, harehopp eine kortsida, utfall andre kortside, løp langsider. Herleg stemning i kveld på begge gruppene, det er stønning, ralling og latter om kvarandre. Smilet er lett å få fram hos alle.

Takk for to fine økter!

-Øyvind og Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.