NMT på Torsdag 11. oktober 2012

To fine grupper fekk oppleve to særs effektive og harde økter i kveld. Første økt med minusgrader denne hausten. Dampen sto av deltakarane utover i økta, og alle fekk teke seg ut med tre harde intensitetstoppar i løpet av 60 minutt. 4×4 minutt intervall i barkebakken med innlagt krabbing opp forbi furua, eit minutt pause mellom draga. Så var det to knallharde fire minutts styrkerunder med fire øvingar a 30 sek. Etter dette var det to minutts intervall med salamander, mage og løping. To runder på første økt og tre runder på siste økt. På første økt blei det bonus-utdeling av utfall i 2 x 1 minutt. Alle gav alt, og det er lett å sjå at formen er stigande hjå alle som har vore med ei stund no! Tempoet på løpsintervallane er markant høgare no.

Første økt med minusgrader minner oss på at no må ein hugse lue, hanskar, ull under og gode sko med grov såle framover.Refleksvest med førenamn framme og bak, som alltid. Takk for to flotte økter med herleg positive menneske. Det er gjevande å instruere og motivere dykk! Hugs registrering og påmelding. Trenast tysdag og torsdag neste veke 🙂

-Camilla & Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.