NMT på Tysdag 16. oktober 2012

Kvelden baud på herleg surt haustregn, men kva gjer vel det for 48 NMT-arar (28+20) som er svoltne på trening? :-)) Jørgen og Espen køyrde første økt, underteikna og Jørgen andre økt. Økta var lagt opp etter god gamal resept av Jørgen, med god oppvarming med aukande intensitet i barkebakken. Etter dette var det 4 x 4 min intervall med 1 min pause, amerikanar innlagt i runda ved barnehagen. Til slutt var det styrkesirkel med åtte ulike øvingar køyrt i tre runder a 4 min. Eit minutt pause mellom setta. På siste økta rakk vi ei «bonusrunde» med 2 min løpeintervall på tvers av kunstgrasbana. Her kom uttrykket, «til krampa tek deg», til sin rett for fleire.. Gaute var diverre uheldig og fekk eit surt ankel-overtråkk i transport mellom oppvarming og intervall. Vi vonar det ikkje er verre enn at umiddelbar PRICE (pressure, ice, elevation), vil dempe det, og at han er tilbake før det er gått 14 dagar!

Mange av deltakarane er etterkvart svært rutinerte og syner stor framgang, folk er flinke å presse seg heilt frå starten, det likar vi! Fin stemning i gruppa, ei ny dame på første økt, ho klarte seg flott!  -Velkomen i gjengen AnneTine! Det var forresten moro å leie ei økt igjen, lenge sidan sist. Torsdag trenast vi under leiing av eminente Øyvind og Carl-Fredrik!

-Jørgen, Espen & Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.