NMT around & about til India :-)

I dag går turen til India for underteikna. Mistar diverre tre-fire NMT-økter. Til gjengjeld ventar eit retteleg eventyr! -New-Delhi (ca 20 mill innbyggarar), Agra («Taj-Mahal-byen»), så ein ørliten bil-tur (702 km) nordover til Pathankot i Punjab på grensa til Kashmir. Her er vi invitert i bryllaup, og vi skal bu lokalt. Vi anar eigentleg ikkje kva som ventar oss, så dette vert spanande. Joggesko og treningstøy er naturlegvis pakka, så eg skal forsøke å vidareføre tradisjonen med «NMT round & about»! Korleis det vert med internettdekning osv. veit eg ikkje, og roaming/surfing via mobil trur eg fort kan verte ei dyr affære. Men eg skal dokumentere så godt som mogleg undervegs og legge ut litt når eg kjem attende neste laurdag. 🙂 God trening til dykk andre her heime!

-Onkel Reisande Mac-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.