NMT på Tysdag 20. november 2012

17 deltakarar kl 19-20 og 20 deltakarar 2015-2115. Transport og oppvarming til Brønnøya der hovuddelen bestod av 32 min kontinuerleg arbeid med 10 x 2min løp og 1min «pause» med vekselsvis pushups, situps eller diagonal-strekk. Så bar det rett tilbake til idrettsanlegget. Der nådde vi ein siste topp med 2min jobbing a 30 sek salamander, 30 sek løp, 30 sek harehopp og 30 sek løp. Økt nr to fekk med seg ein ekstra runde med 30 sek situps, 30 sek løp, 30 sek mageliggande crawl med rumpe-klaps og 30 sek løp! Etter desse 60 minutta trur eg alle var einige om at dette var ei økt det rauk skikkeleg av! Innsatsen er upåklageleg, og det er veldig kjekt å sjå framgangen hjå samtlege som møter jamnleg opp. NMT gjev resultat, raskt, men trening er og blir «ferskvare», så kontinuitet er avgjerande!

Vel møtt på torsdag under leiing av Jørgen & Tord-Arve!

-Jørgen & Erlend

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.