NMT og Tuftepark på Nesøya

NMT og underteikna vart i haust kontakta av kommunen med spørsmål om vi kunne vere interesserte i å bidra til realisering av ein Tuftepark på Nesøya. Vi er opptekne av fysisk aktivitet blant born, unge og vaksne, og stilte oss naturlegvis positive til dette! Dette er forebyggande helsearbeid i praksis! No har vi formidla kontakt med Nesøya Idrettslag og Huseigarforeininga i Søndre vei, som begge disponerar areal som kan brukast til ein slik park.

Asker kommune har utvikla ein slik park i tilknytting til idrettsanlegget på Riisenga, og har no eit robust konsept som fungerar svært bra. På Riisenga ser ein at parken utløyser ei mengde spontan aktivitet for born og unge utanom organisert idrett. Erfaringane ein har hausta så langt er så positive at konseptet no også skal vidareførast mellom anna i Oslo i regi av Oslo Kommune.

No er det berre å vone at prosjektet vert realisert. Alt ligg til rette for det. To alternative lokasjonar er eit luksus»problem».

Herleg å kunne vere med å bidra til positive ting i lokalmiljøet!

God, aktiv helg!

Erlend Eimhjellen, idrettsfagleg ansvarleg i NMT

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.