NMT på Tysdag 20. desember 2012

18 deltakarar møtte opp i 8 minus i kveld!

Oppvarming gjekk gjennom løypa for hovuddel intervall. Deretter barkebakken med krabbing på alle fire, og sidevegs. No byrja det å dra seg litt til, folk vart gode og varme, kjende på høg puls. Intervall, 4x4min, 1min pause i lang løype med variert terreng,- kuppert! Deretter tilbake til kunstgrasbana i bånn av barkebakken der 2×4 min styrkesirkel med 2×4øvingar venta. Til slutt «piece de la recistance»: 4min krabbing opp barkebakken, jogg ned. -Då var det slutt for dei fleste!

Takk for fenomenal innsats og godt humør! De er ein god gjeng som etterkvart byrjar å verte i farleg god form. Gledar meg til å teste om eigen kropp held følge med dykk lenger. NMT held ut også i romjula, de kan dermed ete og drikke av hjartans lyst, fylle lagra! Velkomen til ny økt 25.12.12 kl 11-12 med underteikna og Einar Aall i leiinga!

God Jul, alle saman!

-Tor Magne og Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.