NMT på Tirsdag 25. desember 2012

1. juledag! Ingen tvil om at dei hadde bestemt seg, dei 9 som møtte opp kl 1100 i dag!

Fem herlege damer og fire menn. Fløytebruk og kommandoar runga i den stille føremiddagen. Sjølv om folk etterkvart er vorte vande med «refleksmafiaen» på Nesøya, var det nok eit par turgåarar som lyfte litt på augebryna i dag! 🙂

Oppvarming med gjennomgang av løypa, barkebakke-krabbing, 4 x 4min løp, styrkesirkel (4min + 4min), og til slutt 2x2min vekselsvis piggtrå-åling og løp. Familien Eimhjellen stilte mannsterke med mamma, pappa, Maja og underteikna. Anne-Tine hadde med seg dotter Helle. Flott med familien saman på trening!

Velkomen same stad, same tid på torsdag!

Einar og Erlend ynskjer dykk alle ei fortsatt god romjul og eit sprekt nyttår!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.