NMT på Torsdag 24. januar 2013

20 + 2 møtte opp til kveldens NMT-potpourri (det betyr noko slikt som: «samling av», » mix av», blanda drops»). Alle fekk i dag streng beskjed om å følge ekstra godt med, disiplin var avgjerande for å få til ei god økt. Med slike gilde og røynde NMT`arar vart disiplin ikkje noko problem 🙂

Vi opna med solid, tradisjonell oppvarming med jogg, krabbing, jogg, før vi starta ballet inne på nye kunstgrasbana, no også med flombelysning! Rask gjennomgang og gjennomføring av sju standard styrkeøvingar, inkludert den kjende og kjære salamanderen. 30 sek/øving, ingen pause. Desse øvingane gjekk så igjen, inne i, løpsintervallane, typisk 1min løp, 30 sek styrke, 1 min løp, 30 sek styrke, 1min løp. Intervallane varierte mellom 3 og 6(!)min, 1 min pause, 2 min etter den lengste på 6 min. Tilsaman 6 slike intervallrunder hadde vi, fram og tilbake på tvers av bana.

Underlaget var mildt sagt krevjande med blanding av sukersnø og hardt/ujamnt. Skikkeleg «jabbe-føre»!  Tilsaman vart det 17 min løping og 7 min styrke (og 6 min pause) på intervallane.

Som avslutning på potpourriet køyrde vi 10 styrkeøvingar a 30 sekund i eitt, dvs 5 min utan pause. Då verka det som det var bra for dei fleste. Det var nok fleire som med lengsle tenkte på jamnt, fast underlag medan dei stavra seg fram i sukkersnøen i kveld. Men, som Tor Magne sa: «dette hadde du aldri gjort på eigahand, og då hadde du ikkje fått den fenomenale treningseffekta du får ved å løpe på slikt underlag!» Eg er svært einig, og vi valde det bevisst, sjølv om vi kunne vore på den oppvarma bana i kveld!

Eg tenkjer at denne økta skal gjentakast på meir løparvenleg underlag også, så får løparane blant oss nytta løpssteget sitt også.

Vil til slutt nemne at vi hadde vakkert publikum i kveld i spa-avdelinga! Camilla Vik Skjei berre måtte ta ein tur, sjølv om ho framleis er sjukmeldt med kyssesjuke. Det gledar oss å høyre at ho er på betringens veg, i mellomtida får vi berre nyte framsidebilete vårt av deg, Camilla!

Vel møtt på NMT Tysdag 29.januar med Espen og Erlend i førarsetet!

-Tor Magne og Erlend-

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.