NMT på Tysdag 19. februar 2013

18 møtte opp til NMT-trening tysdag i vinterferien,- det er flott!

Økta var reprise av spesialøkt for Johnny med vener, frå sist fredag. God oppvarming ute i terrenget, innlagde spensthopp og pushups. Deretter ned på kunstgraset. Så venta ein tøff overgang til hovuddel med 30sek piggtrå-åling-bjørnekrabbing og salamander i eit. Intervallen var lagt opp som pyramide med 1-2-3-4-3-2-1min,1min pause etter tre og fire-minuttsdraga, 30 sek resten. I dag stilde vi litt ekstra krav til deltakarane om at dei laut yte skikkeleg med ein gong, og ikkje vere feige i starten. Dette virka tydelegvis, for eg let meg imponere av både fart og innsats med ein gong! Flott å sjå, -mykje bra løping no!

Tradisjonell styrkesirkel a to ulike sett på 4 min. Fire øvingar a 30 sek, to runder. Til slutt toppa vi med 2x2min intervall med 30sek piggtråd-åling, 30sek harehopp, 30 sek salamander og 30 sek løp. På dette tidspunktet var det jamnt slutt for dei fleste!

I kveld vil eg takke for god innsats av samtlege! -Det gjev resultat. Vel møtt til ny økt med Hanne og underteikna på torsdag!

– Jørgen & Erlend-

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.