NMT på Torsdag 21. februar 2013

Minus ti, nydeleg halvmåne, god «knirk» i snøen, 16 oppmøtte, – GOD KNALL!

Hanne Solheim debuterte i rolla som hjelpeinstruktør. Økta var mykje lik tysdagsøkta, men med ulik intervall. Vi køyrde 4×4 min intervall med 1 min pause der vi nytta stor trekant på kunstgraset med krabbing opp forbi furua på toppen av barkebakken, bort langs bakketoppen og ned på bana att. Svingen oppom furua sveid i låra, hjå alle, det var lett å sjå. Etter intervall var det 2x4min styrkesirkel og til slutt topp 3 med 2 x 2 min intervall med piggtråd-åling, harehopp, salamander og løp. 30sek pr. øving. Flott innsats av alle, særleg på siste to-minuttar. Kjekt med eit par som har vore borte ei stund, og ikkje å forgløyme: Karina som stilte for første gang saman med Simon, ein av vore trufaste Islendingar! Flott, Karina!

Neste veke er det striskjorte og havrelefse igjen, vinterferien er over, og vi «NMT-arar» stiller kjekt på jobb mandag, og veit at vi stiller med stort forsprang! God helg, og vel møtt til ny dyst tysdag!

-Hanne & Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.