NMT på Torsdag 21. mars 2013

Først må eg seie det var kjekt å vere attende etter fjorten dagar i eit varmare land! Her heime i vinterland møtte 20 deltakarar opp til trim og tram med Jørgen og underteikna. Skikkeleg langintervall med 3x8min løp og 2 min pause i relativt lang løpsrunde stod først på programmet etter oppvarming. Dette er uvanleg lange løpsintervall for oss i NMT, men det var lett å sjå at mange hadde prøvd dette i forrige veke. God, jamn fart på mange. Noterte meg at Espen G. logga 8 km i går! Det var glatt og vanskeleg underlag eit par stader i trasseen så det var nokre som gikk på stumpen, og eit overtråkk vart notert. Etter løpsintervall rakk vi to 4 minutts styrkerunder på kunstgraset.

Det vart nemt at alle på NMT bør melde seg på Nesøyaløpet til hausten, og det er eg meir enn einig i! Ikkje rart det kom opp etter kveldens seige løpsintervall 🙂 Ellers kjekt å sjå «The Merckolls» attende på trening! Hans Henrik gjorde ein god figur på Birken i helga som var, naturlegvis takka vere eit fantastisk grunnlag frå NMT 🙂

På tysdag i påskeveka er det også lagt til rette for ei god økt under leiing av Tor Magne Howlid og Einar Aall,- vel møtt, og god påske! 🙂

-Jørgen & Erlend-

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.