NMT på Torsdag 4. april 2013

«No livnar det i lundar!»

26+2 møtte opp til trening i kveld. Det er herleg å «sjå folk» igjen, no når kveldane vert lysare og folk tek av seg luene. Vi er ein veldig flott gjeng! Ekstra kjekt er det å sjå, for meg i alle fall, tre nye fjes på trening i dag. Iris, Anne Cathrine og Marit: det greidde dykk fint! Neste gong tek de med ei veninne til!

Økta i kveld: God oppvarming, så 4 x 4 min løpsintervall i variert terreng med innlagt 10 Amerikaner pr. løpsrunde i 1. intervall, 5 meter salamander pr runde i 2. lintervall, 10 spensthopp/runde på 3. intervall og 10 pushups/runde i 4. intervall. Jamn hard jobbing heile vegen, 1 minutt pause mellom kvar intervall. Etter intervall: 4 runder a 4 min,  med to øvingar pr runde, 30 sekund arbeidsperiodar pr. øving x 4. 1 min pause så ny runde med 4 minutt, to øvingar. Øvingane: Salamander & harehopp, rygghev & planke, pushups & hoftehev, spensthopp & skulderpress.

I kveld la vi inn eit ekstra stort innslag av funksjonell uthaldande styrketrening, målet var å «bringe folk i kne», med eit smil om munn, og det klarte vi! Takk for ei frisk økt!

Hugs å melde dykk på til kvar økt, og de som er nye må registrere dykk, så de får meldt dykk på! Vel møtt til ny økt på tysdag med Jørgen Heggelund og Carl Fredrik Rook.

Treningshilsen frå Hanne & Erlend

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.