NMT på Torsdag 20. juni 2013

22 pluss 11 deltakarar på kveldens to økter. God oppvarming med krabbing og sidevgs krabbing i gode gamle barkebakken fekk puls og kroppstemperatur opp på godt arbeidsnivå. Intervall i Aall-løypa, 4-2-4-2 min med 1,5min pause. Markant fartsauke på 2min-intervallane,- BRA! Espen har sett ein liten foreløpig «benchmark» pr. runde med ca 1min 53 sek på ei runde.

Etter intervall, kom meir intervall, men i litt anna form: 3 x 4min med løping/krabbing/salamander/harehopp på tvers av lita grasslette (kastsektor for spyd ved friidrettsbana), styrkeøvingar i kvar ende. -Bein-tøft, bokstaveleg talt! Økt nr to fekk med seg desserten på 2 min løp på tvers av same grasslette, høge kneløft i kvar ende, ned på magen, opp og løp!

Jamnt svært høg intensitet i kveld,- godt kjempa! Gratulerer til dykk som møtte opp og gjennomførte med stil! -God stemning!

-Tor Magne, Carl-Fredrik og Erlend-

Økt# 1 – 19:00-20:00

Økt# 2 – 20:15-21:15

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.