NMT på Tysdag 3. september 2013

Økt# 255 og 256 gjennomført, med hhv. 19+2 på første økt, 24+2 på andre økt. NMT har aldri dårleg ver, rett og slett. Med nydeleg ver og masse mygg, låg alt til rette for ein fin treningskveld. I motsetnad til eit visst anna arrangement i helga mellom Rena og Lillehammer, som stort sett alltid har dårleg ver. Kan i den samanheng nemne at ikkje alle let seg påverke av ytre tilhøve: Hans Henrik, kjend NMT’ar, kom i mål på respektable 3t 26 min. Gratulerer!

Øktene i kveld bestod av ein del kjende element med barkebakke og Aall-løype, samt litt ny vri på siste del av økta der vi kombinerte løp, krabbing, salamander, harehopp, pushups, sit-ups, rygg-ups, høge kneløft og spensthopp på ulike måtar i intervallar på 3×4 min og 2x2min. Dette kjendest godt i lunger, lår og stort sett heile kroppen.

Vi har merka oss at nokre har hatt tendensar til småskadar/strekkar på enkelte økter, også i kveld. Dette er ofte teikn på at totalbellastning på delar av muskulaturen har vore for stor, anten der og då, eller som oftast akkumulert over ein viss periode (skippertak er dårleg butikk..), men ofte også dersom hastigheit/krav til eksplosivitet der og då er større enn det vi er vande med eller trente til! Her ynskjer vi i NMT å legge opp øktene slik at dei passar for flest mogleg av oss utan at skaderisikoen vert for stor. Men den enkelte deltakar må også kjenne etter og vite kva han/ho toler slik at vi slepp langvarige og trasige skadeavbrekk. Det er ikkje om å gjere å alltid prøve å kome først, eller «slå den og den», men heller å klare å få med seg flest mogleg økter og oppleve jamn og god betring i form og funksjon!

Søndag førstkomande vert det høve å få testa seg litt på ei spesial-økt. Denne økta vert gjentatt på vårparten. Følg med og meld dykk på! Velkomne til nye økter torsdag under leiing av Carl Fredrik Røøk og Tor Magne Howlid.

-Kine & Erlend-

Oppsummering Økt 1

Oppstilling Økt 2

Oppvarming Økt 2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.