NMT på Torsdag 9. januar 2014

Nok ein gong imponerar NMT-arane med solid oppmøte på 35+2 deltakarar i kveld. To nye, Sune og Tor Magne; hjarteleg velkomne. Kjekt også å sjå gamle kjende tilbake i manésjen! Nydeleg januarkveld med berre vegar og plussgrader, i alle fall for ein gamal friidrettsmann :-). Flotte løpstilhøve i utvida «barnehage-løype» med ekstrasløyfe oppom basket/friidrettsbana. Intervall i synkande lengde- 6-5-4-3-2min, eit minutts pause.

Deretter hadde vi styrkerunde med fokus på kvalitet, styrke og eksplosivitet. 30 sek/øving, 20 sek kvile, fem øvingar, tre runder. Til slutt 2 runder, fem øvingar 30-30-30-30-30sek utan pause.

Topp stemning, topp innsats, smilet på plass! Velkomne til NMT på laurdag under leiing av Kine og Tord-Arve.

-Erik & Erlend-

bilde(16)