NMT på Laurdag 29. mars 2014

I nydeleg vårsol og vindstille, møtte 14+2 opp til ein fin start på helga. I dag møtte vi endåtil folk i t-skjorte ute på joggetur. Det er framleis skarpt i lufta, så det er greit å ikkje kaste alle kleda enno, sjølv om sola skin. Økta gjekk som vanleg rundt Brønnøya, «lang-runden», med lett innslag av styrke på Pilodden; 4min, 30sek pr. øving nonstop, før 6x2min, med 30 sek pause i bakken i Furuholmsveien etter Pilodden. På Søndre brygge tok vi tre øvingar i eit, 30 sek pr øving; skulderpress, diagonalstrekk og push-ups. Dei som så ønskte litt ekstra fart, vart med Espen om Slotsveien før vi igjen møttest i krysset Viernveien/Sørlia/Vierndroget. Så jogga vi roleg i samla tropp attende til Klubbhuset. Som vi plar seie heime: «Og alle var samde om at det hadde vore ein gilde tur!» -Framleis god helg, og så sjåast vi igjen på tysdag under leiing av underteikna og Jørgen.

-Erlend & Espen-

bilde(187)

bilde(186)

bilde(184)

20140329-195359.jpg