NMT på Tysdag 1. april 2014

34+2 møtte opp til 1.-april-økta, som slett ikkje vart nokon spøk! Det var moro å ta barkebakken i bruk til bjørnekrabbing som oppvarming før vi tok Aall-løypa fatt med ei runde jogg etterfølgt av 3-4-5-4-3-min pyramideintervall med eit minutt pause mellom draga. Mange var svært nøgde med å kunne ta «revidert utgåve» av Aall-løypa i bruk i flotte lysforhold. Styrken i dag var lagt opp med vekt på kvalitet og eksplosivitet. Dvs. kortare arbeidsperiodar og litt meir pause. Øvingane gjekk først og fremst på bryst, triceps og skuldrar og ikkje minst bein, litt innslag av kjernestyrke høyrer alltid med. Mange har etter mi meining ein del å hente på å utvikle meir eksplosiv styrke i bein. Dette vil de dra nytte av gjennom betra forutsetnader for effektive og vinnande løpssteg! Vi skal fortsettje å ha innslag av meir reindyrka styrke også framover.

Vel møtt til trening torsdag med Carl-Fredrik og Jørgen i leiinga.

– Erlend & Jørgen –

bilde-10

bilde-18

 

bilde-21

 

bilde-22

 

bilde-12