NMT på Laurdag 5. april 2014

11+2 stilte klokka 0930 for ein frisk og god start på denne laurdagen. Turen gjekk som vanleg om Brønnøya med lett styrke på Pilodden før 6x2min intervall i Furuholmsveien. I dag hadde vi eit minutt pause mellom draga. Dei som ynskjer det køyrer jamnt og trutt så og seie utan stopp og dei som vil dreg på litt ekstra. Så heldt vi saman til krysset ved Slottsveien etter Søndre Brygge, der dei som ynskte eit litt lenger drag med større fart, vart med Tord-Arve. Eg tok med damene vidare i lett, fin fart, før vi snudde og møtte dei andre i krysset Viernveien-Vierndroget. På Nordre Brygge med utsyn mot Oustøen Country Club, hadde vi lett styrke overkropp og kjernemuskulatur før vi fekk servering av medbrakt smoothie frå Kurt Støltun,- Takk! Då hadde vi berre 15 minutt att av økta og tok kortaste veg attende til start. Vi gjekk fem minutt over tida i dag, men alle var samde om at det var det verdt, så vi kunne halde fint «prate-tempo» saman.

Vi ynskjer å vere tydelege på at laurdagane skal vere rolege, i sær for dei som har vore med på både tysdag og torsdag same veke. Då er det viktig at ein held igjen, og får ei fin restitusjonsøkt laurdagen, så ein er klar til ny hard-økt tysdag.

Takk for i dag og vel møtt til NMT på Tysdag med Espen Gjøs (HI) og underteikna (HJI).

-Erlend og Tord-Arve-

bilde(199)

bilde(198)

bilde(197)

bilde(196)