NMT på Torsdag 8. mai 2014

16 + 2 på første økt og 15+2 på andre økt. Stabilt vêr utan nedbør, frisk temperatur, god luft, alle heldt varmen, også instruktørane, som hadde lært sidan tysdag og var godt kledde!

Først: veldig kjekt å ha tre «gamle travarar»attende i manesjen; Gunnar, Bente og Bent Ove! Så til øktene: første og andre økt er som alltid like i innhald og utforming, men deltakarane er ulike og dynamikken er alltid veldig ulik på 1. og 2. økt. Dette er interessant, og det har alltid vore slik. Første økt verkar ofte på ein måte mjukare og rundare i kantane, andre økt ofte litt røffare og meir tilspissa. -Artig å merke seg, også for deltakarane. Er du alltid på første økt? -Prøv andre økt, og omvendt!

I dag hadde vi lenger intervall i Aall-løypa: 6x4min P1 og innlagde pushups og vrist-hopp ved passering start. Dette er ei lang og krevande intervalløkt. Nokre passerer godt og vel 5 km berre på intervall-økta. -Det er solid. Etterpå rakk vi ei lita økt med stasjonstrening der vi nærast tok oppatt «suksess-terta» Kine hadde for ei tid tilbake med salamander, einfots-knebøy (assistert for dei fleste,- enn så lenge!?), rygghev og Amerikaner. 45 sek. pr øving, ei runde på første økt, to runder på andre økt. Og det var det vi rakk. Mange fine duellar i Aall-løypa, god trøkk og stemning gjennom styrken.

-Takk for nok ei solid NMT-økt og vel møtt til ei mjukare og rolegare laurdagsøkt med Kine og Einar.

-Erlend og Jørgen-

bilde(272)

bilde(273)

bilde(271)

bilde(270) bilde(269) bilde(268)