NMT på Tysdag 3. juni 2014

20+2 på første økt og 13+2 på andre økt i kveld. Øktene bestod av god, tøff oppvarming i barkebakken. To runder med bjørnekrabbing og den gode, gamle, og harde(!), varianten med sidevegs krabbing i motbakke. Så bar det bort i Aall-løypa for pyramindeintervall med 1-2-3-4-4-3-2-1min løping, 1min pause mellom intervallane. Her var vi opptekne av å få deltakarane til å variere farten, særleg å auke farten etter siste 4-minuttar,  på veg ned Keops-pyramiden.

Vi legg godt merke til at nokre av dykk no torer å køyre enkelt-drag med litt «overfart», for deretter å måtte roe ned litt, eller rett og slett «går på ein smell». Men hugs at det er nettopp dei øktene de torer å gå i kjellaren og yte meir enn ellers, -det er der framgangen kjem! Bestem deg for å henge på litt lenger for kvar gong!

Økta vart avrunda med to runder stasjonstrening; ein-fots knebøy, Amerikaner, rygghev og salamander, to runder, 30 sek. pr. øving!

Rune som var ny i dag, gjekk fornuftig ut og heldt fint til mål. Veronique klarte seg også fint på si andre NMT-økt!

Takk for flott gjennomføring og vel møtt til NMT på Torsdag med underteikna og Carl-Fredrik Røøk

– Erlend og Tord-Arve –

Olav

IMG_3005[1]

IMG_3013[1]