NMT på Laurdag 14. juni 2014: Siste «Test-økt» før ferien!

Laurdag 14. juni vert det på nytt høve fil å få sjekka formen før sommarferien. Vi køyrer som vanleg Cooper-test eller 12-test i Aall-løypa. Det vil seie å springe så langt du kan på 12 minutt. Kvar einskild får notert sin tilbakelagte distanse.

Deretter køyrer vi eit sett med styrkeøvingar, 50 repitisjonar må gjennomførast på kvar einskild øivng før ein tek neste øving. Øvingane er som følger: push-ups, sit-ups, spensthopp, rygghev og Amerikaner/burpee. Total tid brukt vert notert.

Etter sommarferien gjennomfører vi i løpet av hausten minimum to tilsvarande testar. Alle tidlegare resultat er notert, så kvar einskild har høve til å samanlikne seg mot tidlegare oppnådde resultat.

Meld dykk på og møt opp!

-Erlend-