NMT på Torsdag 5. juni 2014

I dag møtte det opp 7+2 til ei særs eksklusiv første økt og 18+2 på andre økt. Veiret vart i grunn heilt topp (det er det forsovidt alltid!), såvidt litt lett duskregn dann og vann.

Ei heilt spesiell NMT-økt venta deltakarane i kveld. Etter mal av Øyvind har eg kalla økta «Super Combo».  Oppvarminga var presis som på tysdag med bjørnekrabbing og sidevegs krabbing i barkebakken.

Så drog vi opp i ballbingen der rein stasjonstrening stod for tur. 5 stasjonar, 4min pr. stasjon. 1. Stasjon: 2min Sit-ups, 2min rygg-diagonal. 2. Stasjon: 2min Høge kneløft, 2min hoppande telemarknedslag. 3. Stasjon: 4min løp rundt ballbingen med retningsendring etter 2min. 4. Stasjon: 4min fordelt på knebøy og pushups med anbefalt skifte kvar 30 sek. 5. Stasjon: 2min Amerikaner/burpees, 2min pause! -Dette «batteriet» køyrde vi to gonger!

Eg trur mange var litt spent på kva denne «Super Combo»-økta ville bli,- «kanskje litt enkelt, kjedeleg, pysete?» Eg trur ingen synest det var særleg «pysete» når dei var godt i gang med 2. runde! -Det vart ei kanon-økt med god stemning, der eg forventar ein del støle, såre og ømme musklar godt inn i helga!

Vel møtt til god restitusjonsøkt på laurdag under leiing av Kine og Espen!

-Erlend og Carl-Fredrik-

bilde(356)

bilde(362)

bilde(354)