NMT på Torsdag 4. september 2014

Flott seinsommarkveld med 20+2 deltakarar. Alle hadde vore med før, nokre er ganske ferske i gamet, medan andre har vore med så lenge NMT har eksistert; i 3 år! Flott samspel gjennom økta med oppmuntrande tilrop mellom deltakarane,- slikt er kjekt å sjå.

Kveldens økt: 5x5min intervall i Aall-løypa, med øvingar ved kvar sløyfe innom parkeringsplassen. 2min aktiv pause, (lett jogg), mellom intervallane. Øvingane var 5m med: 1. intervall: salamander, 2. intervall: harehopp, 3. intervall: høge kneløft, 4. intervall: helspark, 5. intervall: Amerikaner med hopp framover(!).

Avslutningsvis 6 minut sammanhängande arbeid med 2×6 øvingar a 30 sek. Høge kneløft, Mt. Climber, situps, rygghev, Amerikaner og utfall.

Kveldens hovudmål var mest mogleg kontinuerleg kondisjonsarbeid og litt meir løpsmengde i Aall-løypa. Les: forbereding til neste NMT-testøkt, som vert laurdag 13. september!

Vel møtt til NMT på laurdag med Kine og Tord-Arve!

-Tord-Arve & Erlend-

bilde 1 bilde 2

bilde