NMT på Torsdag 6. november 2014

Og DER vart det minusgrader gitt! Første NMT-økta i haust under null grader, men allikevel hele 35 spreke NMTère til start. Gledeleg med ny mann i dag,- Øystein! Eg trur ikkje deltakarane fraus nevneverdig, bortsett frå eit par «hardingar» utan hanskar. Gaute hadde ønskt seg sidelengs krabbing i «barkebakken»,- og det fekk han, utan hanskar.. Lurt å ha gode hanskar og lue no framover. Ellers: BRUK VEST MED NAMN I STORE BOKSTAVAR!

Økta i kveld: lett oppvarming med jogg, så barkebakken 2×2 min bjørnekrabbing og løp, deretter 2×2 min sidelengs krabbing i utgangsstilling pushups. -Tøff øving den siste, om ein gjennomfører med stil; dvs. «neeed med rrrææven!!», som Tord-Arve sa på vel-klingande Bergensk!

Øvre kunstgras med løps-styrke-intervall, 4×4 min med tre stasjonar pr. langside i eine retninga, og løp heilt tilbake. Tøff kombinasjon med varierte øvingar. Kan nemne ei tøff øving på midstreken: strak på ryggen, armane over hovudet, sit-ups, opp i ståande og hopp: 20 reps! Variasjon i antal repitisjonar og intensitet frå 20 reps på høge kneløft, til 5 reps eksplosive pushups, stille lengde-hopp og Amerikanerar. Stikkordet er: VARIASJON!

Dessert: 4min 30 sek løp over kortsida, ned på mage eine enden, ned på rygg andre enden.Og med det var økta over, og 33 slitne og nøgde deltakarar vende heim!

Takk for i kveld, og vel møtt laurdag til ordinær laurdagsøkt med Kine og Øyvind!

-Tord-Arve og Erlend-

IMG_8530

IMG_8527

IMG_8525

IMG_8524

IMG_8521