NMT på Laurdag 15. november 2014

I dag var vi 17 morgonfriske NMT-arar klare for kose-tur rundt Brønnøya. I dag var vi så heldige å få eit glimt av sol også!! Som vanleg legg vi inn moglegheit for å dra på litt meir undervegs, for dei som ynskjer det. I dag la vi runden utom Pilodden først, med lett styrke der, så stopp på Søndre Brygge og litt ballanse-trening der. Dei som kjende lysta, fekk seg så ei runde om Slottsveien, før vi samla alle i «trekant-krysset» Viernveien/Vierndroget. Der hadde vi 4x2min med eit minutt aktiv pause. Alle styrer farten sjølve, nokre køyrde hardt, andre køyrde kontinuerleg roleg langtursfart. Så stilte godeste Kurt med nydeleg heimelaga smoothie til alle! -Tusen takk, Kurt, det set alle veldig pris på!

Med fornya styrke drog vi i samla flokk roleg runden rundt, lengste veg og tilbake til Idrettsanlegget. Dei fleste passerte 10km på turen. Ha ei fortreffeleg helg, alle saman, og vel møtt til NMT på Tysdag under leiing av Kine Storholt og Espen Gjøs!

Mr. Smoothie- Kurt S!

Mr. Smoothie- Kurt S!

Vakkert på Brønnøya!

Vakkert på Brønnøya!

Fin gjeng mot Pilodden

Fin gjeng mot Pilodden

Ballanse på Søndre Brygge

Ballanse på Søndre Brygge

Treningshelsing

-Tord-Arve og Erlend-