HARDtrening på Tysdag 2. juni 2015

26 hardingar møtte opp i kveld til økt # 498! Frisk vind, men stort sett opplett etter mengder med regn tidlegare på dagen. Underteikna la opp til ei type 3-økt, der vi heldt oss mykje på friidrettsbana med intensiv styrke. Tilsaman 12×45 sek løping vart gjort på grusvegen. Høg intensitet gjennom heile økta, tøft køyr på både bein og overkropp. Mitt tips er støle lår, støl rumpe og støl brystmuskulatur nokre dagar framover.

Vel møtt til ny økt torsdag, truleg type 1-2-økt under leiing av Øyvind Buer og Espen Gjøs.

-Erlend & Einar-

vedlegg1 IMG_3423IMG_3409IMG_3411IMG_3414IMG_3422IMG_3401IMG_3402IMG_3403IMG_3405