HARDtrening på torsdag 26. november 2015

20 HARDhausar møtte opp til HARDtrening i kveld! Inger Lise var med for første gong :-). Omlag to minusgrader og glatt mange stader, så vi køyrde heile økta oppe på kunstgraset. På bileta ser det bekmørkt ut, men det var eigentleg behageleg treningslys på behageleg og trygt underlag. Ei svært variert og kompakt økt, der vi var innom dei fleste element med kombi-intervallar på tre minutt med tre innlagde øvingar a 4 reps, kortintervall a 45 sek løp, 15sek pause og styrkesirkel. Alle var overraska når det var 15 minutt igjen av økta og siste kortintervall a 6×45/15 samt dessert venta. Takk for god innsats gjennom heile økta! Vel møtt til ny HARDtrening neste tysdag!

-Erlend & Øyvind-

IMG_1140