HARDtrening på Torsdag 16. juni 2016

18 medlemmer var med på trening  denne nydelege sommarkvelden. Vi var akkurat i grenseland mange til å få plass på kabelferga over til Brønnøya, men eit kalkulert overslag kom til at gjennomsnittsvekta på eit HIT-medlem ikkje overstig 83 kg, dvs at vi sneik oss under 1500kg i totalvekt 🙂 På Brønnøya fann vi ein fin trase, lett kupert, bra strekk, der vi køyrde 5x3min intervall med eit minutt pause. Attende på friidrettsbana venta to runder med 4min uthaldande styrke-sirkel. Avslutningsvis rakk vi akkurat 3min løp, pushups, løp, amerikaner. Alle fekk teke seg skikkeleg ut, og det var fin stemning undervegs,- som alltid. Vel møtt også neste tysdag og torsdag.

-Erlend & Einar-

IMG_7200 IMG_7209 IMG_7206