NMT på Tysdag 7. november 2013

32 deltakarar og to instruktørar møtte opp til trening denne fine haustkvelden. Økta i kveld var retta mot litt lenger samanhengande løp, med godt innslag av bein og litt eksplosivitet og frekvens på den uthaldande styrkedelen til slutt. Vi varierar, bevisst, mellom dei enkelte øktene kvar veke, og frå veke til veke for at DU skal få best mogleg treningsutbytte av ditt medlemskap hjå oss!

God oppvarming i barkebakken så 5x4min intervall på den lange grusvegen inn til tennis-bobla, 4x Amerikaner i søndre ende på parkeringsplassen, 10 x Høge kneløft i nordre ende mot bobla. Pause 1 min.

Fin intensiv styrkedel med 2 sett a 4 min med 2 x 4 øvingar a 30 sek. Heldigvis, og til stor jubel, rakk vi desserten som bestod av Spensthopp og Høge kneløft på ubestemt tid styrt av underteikna. Her fekk alle kjenne på syra og evna til å halde kneløftet oppe. Kneløft på slutten av eit løp skil klinten frå kveiten!

Ikkje å forgløyme: Nytt friskt ansikt; Tone, -dette klarte du fint! 🙂

Vel møtt til ny forfriskande laurdagsøkt med Kine & Tord-Arve 0930-1100!

Treningshelsing

Erlend & Erik

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *