Etter siste NMT-økt for året (NMT på Laurdag 20. desember) endrar Idrettsforeninga Norway Military Training (NMT) namn til HARD Intensiv Trening (HIT).
Hensikta med namne-endringa er å gjere konseptet tydelegare slik at det framstår meir attraktivt og relevant for potensielt nye medlemmer. Bruken av begrepet “militær trening” har av erfaring synt seg å heve terskelen for å prøve treningstilbodet, samt vanskeleggjort rekruttering av nye instruktørar. I tillegg til endring av namn, vil det også bli endringar i leiing/administrasjon, interne rutiner, treningstilbodet og medlemskontingenten.
HIT vil konsentrere seg om å levere harde og intensive treningsøkter tysdagar og torsdagar året rundt. Gjennomføring av dei harde treningsøktene er det dei fleste opplever vanskeligast å få til åleine, og der trening i gruppe med gode instruktørar, gjev effekt. Harde treningsøkter har frå starten i 2011 vore foreninga si kjerneverksemd.
1 års pilotprosjekt med laurdagsøkter har synt oss at det er krevjande å oppretthalde eit slikt tilbod. Oppmøtet har vore stabilt, men betrakteleg lågare enn på tysdags- og torsdagsøktene. Dei fleste medlemmer og instruktørar har familie og born som skal følgast opp, og mange reiser bort i helgar. Vi har difor beslutta å legge ned det faste laurdagstilbodet. HIT oppfordrar likevel medlemmene til å gjennomføre ei roleg langkøyringsøkt i helgane, og ynskjer difor å legge til rette for at instruktørar og medlemmer, sjølve kan invitere til fellestreningar i helgane via nettsida og Facebook.
Den årlege «NMT-marsjen» vert i 2015 vidareført som «En HARD Dagsmarsj» (august/september), og det samme gjeld for «Spesialøkt i oktober», der vi tidlegare har hatt foredrag og trening med Øystein Sylta.
Medlemskap i HIT er individuelle, og kontingenten for 2015 vert kr. 450 per månad. Medlemmer i same husstand får tilbod om eit hovudmedlemskap til 450 kr i månaden, og 250 kr i månaden for sekundære husstandsmedlemskap.
Styret ynskjer saman med instruktørane å utvikle foreninga vidare. Vi håpar flest mogleg av våre medlemmer vel å bli med på HARD Intensiv Trening gjennom vinteren.
Frå 1. januar 2015 ber vi nye medlemmer registrere seg på www.hitrening.no for 1 månad gratis prøvemedlemskap. Nye instruktørar kan melde si interesse på hitrening@gmail.com.
Mvh Styret i HIT ved Einar Aall, Espen Gjøs og Erlend Eimhjellen.