Forfatterarkiv: Erlend Eimhjellen

Påmelding til Nesøyaløpet, Lørdag 22. september 2018

12052416_798659693578332_7606706732927472910_o

Foto: NIL nettside v/ Navigo Too. Fit med HIT – Johnny Duedahl i fint driv!

Ynskjer å minne alle spreke HIT-medlemmer, med familie, om Nesøyaløpet, det sjette i rekka, som går av stabelen laurdag førstkomande. Dette er eit koseleg arrangement for heile storfamilien. Her er også rikeleg muligheit for å få «målt seg mot dei beste», for dei som ynskjer det! Eg anbefalar alle å møte opp i ti-tida, for henting av startnummer etc. Premiering til alle. Det vankar også flotte deltakarpremiar frå våre samarbeidspartnarar i Nesøya Idrettslag.

Når de melder dykk «mann- og kvinne-sterke» på, bruk gjerne HARD Intensiv Trening som idrettslag/klubb. Hadde vore utruleg moro om HIT vart største klubb på Nesøyaløpet! 🙂 

TIDSSKJEMA NESØYALØPET LAURDAG 22 SEPTEMBER 2018:

Kl. 11:30 Barneløp på 500m
Kl. 12:15 10km med tidtaking
Kl. 12:20 5km med tidtaking
Kl. 12:30 «Familie-løp» på 5km uten tidtaking

PÅMELDING: 

https://reg.eqtiming.no/?EventUID=30873

Om de har spørsmål, er det berre å kontakte underteikna på mail
erlendeimhjellen@hotmail.com eller mobil 90 12 20 34

– Erlend Eimhjellen/ Friidrettsgruppa i NIL –

HARDtrening på Tysdag 20. desember 2016

26 medlemmer møtte opp til nest siste HARDtrening i 2016. Mildt ver med plussgrader og opphald. Klassisk økt med 4x4min i bakken etter brygga på Brønnøya, og styrkesirkel med 2x4min arbeid på kunstgraset. Avslutning med 2x2min løp med innlagd øving. Tøff, fin økt med super innsats av medlemmene! Hugs siste økt før jul på torsdag med Kine og Einar.

Eg vil nytte anledninga og ynskje God Jul og Godt Nyttår, og få takke for eit flott treningsår i lag med dykk!

-Erlend og Einar-


HARDtrening på Tysdag 6. desember 2016

25 deltakarar møtte opp til HARDtrening i kveld, Per (58) var ny i kveld, men ikkje «ny i gamet»,- han låg lenge fremst blant dei aller hardeste! Minus fire grader, fint fast underlag på Brønnøya,20 min kontinuerleg arbeid i bakken frå brygga og opp til høgre. Hurtig opp, roleg nedatt. Deretter tilbake til idrettsanlegget og AMRAP, fire runder a 2,5min. Rakk også ei avslutning med 1min hurtig-løp med vendingar ned på magen. God stemning og fin innsats. Meld dykk på og møt opp på HARDtrening torsdag!

-Erlend & Einar-

HARDtrening på Tysdag 29. november 2016

26 møtte opp til HARDtrening i kveld. Etterkvart stjerneklart og fallande temperatur i lufta, ned mot minus fem kl 2030. Temperatur og puls til deltakarane derimot, var jamnt stigande gjennom økta, og det dampa som vanleg godt i «spa-anlegget» på slutten. Herleg driv gjennom 4 runder a 8min «AMRAP 8» (løperunde, tre øvinar a 8reps). La inn ekstra sløyfe på løpinga i kveld,- det var det mange som likte. Vi rakk 4min med vekselløp, 1min salamander, 45 sekund, kålorm og 40 sekund Amerikaner til slutt. -Takk for strålande innsats i kveld!

-Erlend og Einar-

15181488_1349588665092827_85493869964269156_n 15203393_1349588615092832_1793330158065016982_n 15253439_1349588771759483_4703535600376528938_n

HARDtrening på Tysdag 22. november 2016

33 medlemmer møtte opp til HARDtrening i fin temperatur, vindstille, lett yr!
Jogg til Brønnøya, 4×4 løpsintervall med 1 minutt pause mellom kvart drag. Herleg med mjukt grusunderlag og litt opp og ned igjen. Retur kunstgrasbana og klassisk 2×4 minutts uthaldande styrke, 4 øvingar, 30sek/øving, to runder. Avslutning med 2x3min øving/løp på tvers av bana. Herleg dynamikk og intensitet i kveld!

-Erlend & Einar-

15202766_1341583272560033_5440350524847184771_n 15181344_1341583229226704_4476250709492636291_n

HARDtrening på Tysdag 8. november 2016

35 medlemmer møtte opp til HARDtrening. Og HARDT vart det, med 4x8min AMRAP 8, beståande av ei runde rundt kunstgraset med løp, tre øvingar a 8 reps pr. runde. Etter dette rakk vi 4 min fartsleik og 1min Amerikaner og 1min Høge kneløft. HARDT og godt, og det såg ut som de likte det! -Takk for i kveld, og: måtte den beste vinne borte i Uniten i natt!!

-Erlend & Einar-

14947446_1326657520719275_4356124664473078292_n

HARDtrening på Tysdag 1. november 2016

32 medlemmer møtte opp i «klassisk haustver»! Lett blåst med litt yr i lufta, rundt fire grader. Kompakt, variert økt med 4x8min arbeidsperiode i løype beståande av trappehopp, 5xAmerikaner med hopp framover, 2 runder rundt ramp og ballbinge, 10xMt.Climber, 10x rygghev, 10x situps, 10x pushups i ballbingen, løp med fart i bakken opp til bommen bak klubbhus. Mange klarte 2 runder pr. 8min. Dessert med løp på tvers av kunstgras, 2min pluss 1.30min. Herleg variert kondisjonsøkt godt ballansert mellom løp og øvingar. Takk for god innsats og vel møtt til hardt og intensivt arbeid på torsdag også!

-Erlend & Einar-

14910567_1319762948075399_7520431098623747899_n 14947422_1319763038075390_2178705742175624675_n 14925810_1319763034742057_7853269351826848483_n14900364_1319762978075396_458458095740422244_n

HARDtrening på Tysdag 18. oktober 2016

Solide 35 medlemmer møtte opp denne finne treningskvelden! Fin temperatur, ingen nedbør, vindstille. Kompakt økt på friidrettsbana og graset med 15×45/15 løpsintervall, 4 minutt AMRAP 4, 15×45/15 og avslutningsvis 4 minutt AMRAP 4. (AMRAP 4 = 4 øvingar, 4 reps, 4min kontinuerleg arbeid). Mange artige og fartsfylde duellar på intervallane i kveld. Minner om at full sprint innebærer ein viss risiko om ein ikkje trenar mykje med høg fart :-))

-Takk for flott innsats og godt humør i haustmørket!

-Erlend & Einar-

HARDtrening på Tysdag 11. oktober 2016

29 spreke medlemmer møtte opp i haustmørket etter haustferien. Tydeleg veirskille frå september,- no ER det haust! Kveldens økt: Brønnøya (med heia-gjeng på brua!), 6x2min bakke-intervall, deretter variert AMRAP i fem bolkar med tre øvingar, seks reps, 2,5min arbeid før ny bolk med tre nye øvingar. For å få slutt på kosepraten, og fordi vi likar det; 1min Amerikaner til slutt! Herleg start på «den fine mørke tida»!

Minner alle medlemmer som SKAL ha fått mail med treningsavgift, om å effektuere denne til rett tid, og evt ta kontakt om du ikkje har fått faktura.

Påmelding til Nesøyaløpet laurdag 15. okt. : https://reg.eqtiming.no/?EventUID=30873

Ha ein framleis god kveld!

-Erlend & Einar-


HARDtrening på Torsdag 22. september 2016

18 medlemmer møtte opp til HARDtrening i kveld. Tørt og fint vêr, fin temperatur! Tøff kontinuerleg løping med vekselsvis lang-rask runde og kort-roleg runde i til saman 25minutt etter oppvarming. Fint underlag med gras, grus og bark rundt, og gjennom Tufteparken, rundt ballbinge og skate-ramp, ned på graset. Veldig gledeleg at særleg ein del av damene utmerka seg med god fart når det skulle gå fort. Nemner Kari Hege og Torborg, mfl. Etterpå vanka det «AMRAP 4» med tre øvingar, fire reps, fire minutt x2 og nye tre øvingar etter same mønster. Herleg stemning og knallHARD jobbing av samtlege frammøtte!

Takk for god økt!

-Erlend & Einar-