NMT på Tysdag 17. desember 2013

Erik Børresen og underteikna vart mektig imponert over oppmøtet no midt i førjulsstria. 28+2 NMT-arar møtte glade og forventningsfulle opp. Dette vitnar om den gleda folk har av det vi driv med, og det varmar oss som er opptekne av fysisk aktivitet og helse for folk flest!

«Kake-lina» med påfølgande frost gjorde det svært utfordrande å settje i hop ei god økt på ein dertil egna lokasjon i kveld. Vi enda opp på øvre kunstgrasbane der det tildels var utfordrande underlag med fleire glatte parti. Men med god planlegging, struktur, disiplinerte og hensynsfulle deltakarar, vart det ei god økt.

I kveld vektla vi stor grad av kontinuerleg arbeid med lange arbeidsperiodar med kombinasjon av løp og uthaldande styrke. Hovuddel bestod av 5x5min og 1x6min løp i åtte-tal med 1min30sek pause mellom kvar arbeidsperiode og styrkeøvingar i og omkring midtsirkel.

Med henvisning til tidlegare «test-økter» der vi har køyrt 50 reps på diverse styrekøvingar, la vi opp til minimum 25 repitisjonar av mellom anna pushups, spensthopp og Amerikanar ved passering midtsirkel i løpet av intervallane. Fleire nådde 75 reps på pushups, over 50 Amerikanarar, rygghev og spensthopp. På to av intervallane la vi inn gode gamle «piggtrå-åling» og salamander, på tvers av midtsirkelen. Dette svir godt når ein bakar det inn i kontinuerleg arbeid med løp og «ned på magen» i kvart «hjørne av åtte-talet» på fotball-bana, samstundes som det bidreg til å holde løpsfarten nede, med omsyn til å unngå fall på glatta.

Til dessert rakk vi 2x2min kontinuerleg arbeid med fire øvingar x 2 a 30 sek; høge kneløft, mageliggande crawl med klapp på rumpa for rygg, Russian twist for magen og pushups.

Sterk, jamn og disiplinert innsats frå ein imponerande gjeng med smittande humør og god innsatsvilje! Takk for i kveld, og vel møtt på torsdag til siste ordinære NMT tysdag/torsdags-økt før jul, under leiing av Espen Gjøs og Kine Storholt.

-Erlend og Erik-

bilde(16)