Enkel ferie-trim!

Kjære NMT-medlemmer!

No er sommaren her, og dei fleste går ut i ferie i desse tider. Mange av dykk har trent jamnt og trutt gjennom vinter og vår-sesongen, og det både synest og kjennest, vil eg tru!

Sommar og ferie-tid er tid for å gjere andre ting enn ellers, bruke meir tid med familie og vener. Eg vil likevel anbefale alle å halde formen i sommar, så vi kan fortsettje der vi slapp i august. Vedlikehald krever lite, men å bygge opp att, krever mykje!

Fleire har spurt meg om eg ikkje kunne kome med enkle forslag til enkel, effektiv feire-trim. Jogging/løping er naturlegvis noko av det enklaste og mest effektive, samstundes som det er ein fin måte å gjere seg kjend på nye stader. Sykkel-turar likeså, men det krever jo ein sykkel, og gjerne meir tid, for å oppnå same effekt på kondisjon og forbrenning.

Under kjem eg med to enkle forslag til svært effektiv trim som kan gjerast overalt, utan utstyr. Øvingane og samansetnad kan varierast i det uendelege, -de har alle eit stort repertoar frå NMT-øktene. Du bør minimum ha to økter i veka for å oppretthalde det du har bygd opp. Kombiner gjerne øktene med ein kort jogge-tur før og/eller etter.

1. «Tre runder» (første runde roleg/oppvarming), gå rett på ny øving, utan opphald:

-20 x Amerikaner (første runde «gå opp og ned», 2. og 3. runde MAX innsats.)

-20 x situps

-20 x rygg-hev

-20 x telemarkhopp alternativt utfall

-20 x push-ups

-20 høge kneløft

2. «NMT-styrke-test»: Varm opp med å gå lett gjennom øvingane først (10 reps./øving). Gjer deg så ferdig med 50 repitisjonar på ei og ei øving, på kortast mogleg tid. Noter deg totalt medgått tid. Repter ein til to gonger i veka gjennom sommaren, -dette er i seg sjølv ei kanon-økt, som kan gjennomførast på under 20 minutt med oppvarming!

– 50 x push-ups

-50 x sit-ups

-50 x spensthopp

-50 x rygghev

-50 x Amerikaner/burpee

God sommar!

-Erlend-