NMT på Laurdag 20. september 2014

Mildt og fint, stilt, seks glade NMT-arar pluss to instruktørar. Runde i naturreservatet på nydelege stiar først, så ut på Brønnøya med lett styrke og ikkje minst helse på den kjekke badegjengen på Pilodden. Dei kunne fortelje om 17 grader i sjøen! Turen gjekk vidare bort til Søndre Brygge der Kurt som vanleg diska opp med heimelaga smoothie:-)). Retur langs Brønnøyaveien med fartsdrag for dei som ønskte det i to-tre etappar. Tilbake på idrettsanlegget mangla vi 300m på å bikke 10km, så då blei det nokre lette drag på bana og litt løpsdrill til slutt.

Takk for ein fin start på laurdagen og framleis god helg!

-Erlend & Einar-

1501183_828131787238520_8077174877638711085_o