På sjølvaste kvinnedagen i strålande sol og liten bris, møtte 13 glade menn og kvinner opp for ei fin Brønnøya-økt, NMT-økt #339!
Vi køyrde ei tradisjonell laurdagsøkt med lett styrke på på Pilodden, 5 øvingar a 30 sek. før vi fortsette til Furuholmveien der vi hadde 8x2min intervall med 30 sek pause mellom draga. Deretter vart ei pulje med Espen inn Slottsveien der dei fekk eit langt drag for å ta oss andre igjen. Vi snudde ikkje og kom dei i møte, men fortsette i ufortrødent tempo. Espen og hans gruppe fekk nærare 10 minutt med god fart før dei nådde oss att når vi kom opp til Vendelveien frå Viernveien. Etter totalt 93 minutt avslutta vi som vanleg i sluttet sirkel med oppsummering og eit godt lungebrøl. Olav logga godt og vel 12km på dagens økt! Takk for ein fin start på laurdagen.
Meld dykk på og møt opp for NMT på Tysdag under leiing av Kine og underteikna.
-Erlend og Espen-