HARDtrening på Torsdag 19. mai 2016

33 medlemmer møtte opp til HARD Intensiv Trening i kveld! Økta var ei type 1-økt med overvekt løp. 4x8min arbeid med løp i Aall-løypa og 3 øvingar a 8 reps. ved kvar passering 500m. Gode pausar rundt 2 minutt gav god intensitet gjennom heile økta. Folk var flinke til å sette seg ein standard på første 8 minutt og så prøve å halde same antal runder gjennom alle fire innsatsperiodane. Avslutningsvis 4 minutt fartsleik; raskt, roleg, medium. Flott innsats! Vel møtt til ny økt på tysdag 24. mai.

-God kveld frå Erlend og Øyvind-

IMG_6697