NMT på Torsdag 20. september 2012

22+2 på 1. økt og 21+2  på økt nr 2. Camilla hadde komponert ei svært tøff økt til i kveld. Ein enkel forrett med fin oppvarmingsrunde med innlagte øvingar vart servert først. Hovudrett bestod av knallhardt «8-tal» med 4x4min i barkebakken, krabbing eine motbakken, og tempo-auke i andre motbakken, med eit minutt pause mellom kvar 4min. Så bar det rett over Søndre vei til mellomrett med 2x4min styrkesirkel med 4 styrkeøvingar a 30 sek. 1 min. pause mellom kvar 4 min. Desserten baud på 2x2min med salamander, situps, løping og pushups. Etter dette var «måltidet» over, og ingen var særleg lystne på mat med det første.. Imponerande innsats, -alle som ville, fekk tatt ut alt! Ein debutant i dag, ny dame, flott debut!

-Camilla & Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *