NMT på Tysdag 1. nyttårsdag 2013

Gledeleg å sjå at 16 deltakarar møtte opp kl 18:00 første nyttårsdag! Det var krevande forhold i dag med klink is mange stader. God rekognosering tidlegare i dag gjorde at vi visste kvar vi kunne bevege oss trygt. God oppvarming med krabbing, løping og sidevegs krabbing i barkebakken. Deltakarane fekk ei økt med  4 x 4 intervall med innlagde situps og pushups på bortre langside av bana, tøff motbakke opp forbi furua i barkebakken. Dei fleste køyrer jamnt hardt, men eg legg merke til at enkelte nok kunne hatt enno større utbytte, om dei hadde klart å pressa seg litt meir heile tida!

Etter intervall hadde vi tre styrkerunder a 4 øvingar, 30sek/øving, to runder før pause. Vektla mage i dag. Til sist toppa vi med 2x2min på tvers av bana med innlagde sidevegs krabbing, push-ups og sit-ups.

Riktig godt nytt år! Vi gler oss til mange flotte treningsøkter saman med dykk i 2013! Vel møtt til ny trening torsdag 1930 med Espen og Erlend.

-Espen & Erlend-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *