NMT på Tysdag 13. august 2013

30 deltakarar på første økt, 26 på andre økt i kveld! Godt oppmøte av motiverte og innsatsvillege NMT-arar. 3 nye deltakarar, ellers var dei fleste kjende og rutinerte. Kveldens to økter var lagt opp etter kjent NMT-oppskrift med god oppvarming i Aall-løypa, samt barkebakken med bjørnekrabbing og sidevegs krabbing, så pulsen fekk seg eit løft før intervall med 4min, 2min, 4min og 2min løp i Aall-løypa. Så bar det ned til indre kunstgrasbane, blant NMT’arar kalla spa-avdelinga, der vi hadde tradisjonell styrkesirkel med fire øvingar, fire min arbeid, så nye fire øvingar. Mange håpa det var slutt her, men i kveld var det tid for dessert, eller «topp tre» med 2x2min kombi med 30sek åling, harehopp, salamander og løp. Då var det slutt, og alle var samde om at vi hadde hatt ei gilde økt! Takk for i kveld og vel møtt på torsdag!

-Jørgen & Erlend-

Oppsummering – Økt 1

Oppsummering – Økt 2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *