NMT på Tysdag 25. november 2014

32+2 møtte opp til trening i kveld. Rundt null grader, litt glatt enkelte stader på vegen over til Brønnøya, der hovuddelen av økta var. Intervalløypa gjekk frå «brygga» opp bakken, mot høgre og vending i svingen før nedoverbakken mot Hovudgården. 10x2min intervall, 1min pause. Ved kvar vending/passering «start» vart det gjennomført henholdsvis 5 eksplosive, pushups, situps med seteløft eller 5 eksplosive Amerikanarar.

Det var tydeleg at det hadde vore mykje intervall på kunstgraset i det siste, så det gjorde seg med litt skikkeleg bakke-intervall i kveld! Mange fine «fightar» rundt svingen og opp bakken etter start!

Tilbake på indrettsanlegget, og kunstgraset, rakk vi ein aldri så liten dessert på 2 min fordelt på 30sek salamander, 30sek løp, 30sek «harehopp»/stille lengde og 30 sek løp. -Godt kjempa av gjengen i kveld!

PS! Sekken som eg la att (i hengaren til ein traktor som stod der!!), vart etterkvart funnen, då fruen mottok telefon frå Hovudgården. -Gudane må vite korleis dei fann ut at sekken tilhøyrde mannen til Maja?! Telefonen min som låg i sekken har kodelås.. Takk til Espen og Einar, som rota rundt ute på Brønnøya for å finne sekken, medan eg var på styremøte i NIL!

Vel møtt til ny trening på NMT på Torsdag under leiing av Øyvind Buer og Tord-Arve Holmedal!

-Erlend & Espen-

IMG_8960 IMG_8961 IMG_8962 IMG_8963 IMG_8964 IMG_8965 IMG_8966 IMG_8967