HARDtrening på Tysdag 9. juni 2015

I kveld gjennomførte 46 medlemmer økt nr. 500 i regi av HARD Intensiv Trening!

Første økte i år i tilnærma temperert sone (for årstida). I anledning jubileumsøkta hadde vi drone som filma frå lufta, fotograf og filming på bakkenivå. Ein ny vri på økta var at underteikna og Øyvind bytta på å vere hovudinstruktør undervegs. Økta var delt i tre med innleiande hovuddel i Aall-løypa med intervall, sidan AMRAP 4×2, hovudsakleg overkropp med Øyvind, splitta med ein 4-minuttar med vekt på beinøvingar der eg hadde regi. Avslutningsvis EMOM (every minute, on the minute) i seks minut, løp, tre øvingar, pause osv. Til slutt litt sukkerdrikk til deltakarane, og gruppebilete!

Eg meiner bestemt at eg såg markant auka fart på mange av medlemmene i kveld, dvs. de har alltid litt meir å gå på, og «høg kameraføring» gjev kanskje litt ekstra motivasjon? 🙂

Saman har vi gjennomført 500 økter utan avlysing gjennom snart fire år, ute, året rundt. -Ikkje verst, om eg så kan seie det! -Takk for ei flott markering av «500-jubileum!» På torsdag møtest vi naturlegvis som vanleg, til vanleg tid, på vanleg stad. Velkomne til ny økt under leiing av Kine Storholt og Jørgen Heggelund.

-Erlend og Øyvind-

vedlegg 500r