HARDtrening på Tysdag 13. september 2016

30 medlemmer møtte opp til HARDtrening i nydeleg seinsommarver!

Thomas var med for første gong! Jubilanten Torbjørn tok seg også godt ut :-)Sidan det no etterkvart mørknar tidleg må vi byrje å tenke litt annleis med valg av løype og underlag, difor kun oppvarming i All-løypa. Klassisk type 2 økt i dag med 4x4min løpsintervall og påfølgande 3x4min styrkesirkel. 3x2min dessert beståande av øving og løp. Verkar som alle var samde om at det hadde vore ei gild økt! 🙂

Treningshelsing

Erlend & Espen