Reisebrev frå India 19.-27.oktober 2012

    Taj Mahal, Agra.

Vi har lenge snakka om å ta ein tur til India, men det har liksom aldri passa. India er kanskje ikkje det første ein tenkjer på når ein skal røme frå ein hektisk kvardag. Då står gjerne ein avslappande sydenferie med heile familien, i skjønn forening, langs bassenget, høgst på lista. I sommar vart vi spurt av svigerfar, Sagar, om vi ville vere med han i eit bryllup i Pathankot, der familien hans bur. Maja veit at eg har hatt veldig lyst å dra med Sagar til India, så vi vart einige om å slå til.

Vi drog via Helsinki til Delhi fredag ettermiddag den 19.oktober og landa i Delhi 0520, lokal tid laurdags morgon. Der vart vi møtt av Sagar sin yngre bror, Darshin og sonen Jay, eller Johnny, som han vert kalla. Sagar er eldst i familien, og dermed familieoverhovud. Han vart møtt med kyss og klem både på kinn og sko(!) Vi fekk og ein hjarteleg velkomst, som familiemedlemmer, dog utan kyss på sko. Sjåfør med bil var hyra inn for heile opphaldet.

Det første som slo meg når vi kom ut i «frisk luft», var nettopp mangelen på frisk luft. Det lukta rett og slett bål, svei i augo, og reiv i nasen. Sikta var omlag 300m. Tala for antal innbyggjarar i Delhi varierar, på nettet finn eg 12.8 millionar, men omlag 20 millionar seier Darshin og Johnny. Byen er enorm, trafikken er vanvittig, og det er ein kakofoni av lydar og lukter. Ikkje ein verande stad, spør du meg.

Vi skulle syd-vest 200 km til byen Agra (1.5 mill. innbyggjarar) for å sjå Taj Mahal, eit av verdas sju underverk. Vi fekk beskjed om at turen kom til å ta «eit par-tre» timar, ingen problem for Jamuna Highway Express var nett opna. Så var det å finne denne vegen då… Kart, planlegging osv. er tydelegvis framandord i India, så det var å stogge og spørje her og der langs vegkanten når sjåføren var usikker. På eit merkeleg vis fann vi etterkvart fram, og var på rett veg, etter det som, for oss, fortonar seg som ei konstant nesten-ulukke. Det var useieleg godt å ta inn på Radison Blue Agra etter fem og ein halv time i bil og eit lite døgn på reise.

Ein kjapp dusj ein god lunsj og ikkje minst litt King Fisher, så drog vi til Taj Mahal, rett bort i gata. Med bil, naturlegvis. Fint skal det vere. Taj Mahal var veldig flott. Absurd å tenke på at dette marmor-vidunderet vart bygd som eit gravmonument eller mausoleum over kona til den store Mughal-keisaren på 1600-talet. Ho døydde i barsel med sitt 14.(!) barn. I dag ser vi på dette som eit av dei vakraste manifest over kjærleiken til ei kvinne. Det kan forøvrig nemnast at han som stod for prosjektet fekk begge armane hogd av når det var ferdig, så han ikkje skulle bygge noko liknande ein gong til. Ikkje fullt så romantisk, akkurat den historia. Taj Mahal er «eit must» på ei kvar reise til India, og vel verdt besøket.

Dagen etter drog vi 45km ut til Fatah Pur Sikri, ein forlatt by, som på eit tidspunkt overtok som regionshovudsete til fordel for Agra. Det var spesielt å vandre rundt innafor by-murane i den forletne byen og tenkje på rikdomen og teknologien hjå dei styrande på den tida. Heile byen er minutiøst planlagt og bygd. Den har forøvrig ein av dei høgste og mest imponerande by-portane vi veit om i dag. Som de sikkert har skjønt, tek alt tid i India, så denne korte turen på 90 km (tur/retur) tok heile dagen. Eg vil likevel framheve at nettopp desse tidkrevande turane, der vi fekk eit lite innblikk i India, slik det faktisk er i dag, sit sterkare i minne enn Taj Mahal. Ein snirklar seg fram og ser veldig mykje heile tida. På veg attende til hotellet måtte vi ta diverse omvegar og fekk sjå område som vel minnar om slum, slik vi vil beskrive det. Eg hadde likevel ikkje inntrykk av grotesk fattigdom her. Faktum er at vi knapt såg meir enn tre tiggarar under heile opphaldet i India. Men eit bilete står spikra fast i minnet: ei lita grimete og pjuskete jente på Rasmus (7) sin alder som prøvde å selje eit eller anna og banka på vindauget i bilen når vi stod i ei rundkøyring første dagen på veg inn i Agra. Eit anna møte med fattigdom kjem eg attende til i Pathankot.

Ein kontrast til ein annan: stappmette etter middag velta Maja og underteikna seg opp på massasjebenken i hotellets lekre spa-avdeling for «romantic couple massage». Ein smaklaus men dårleg spøk: dei fattige skulle berre visst kor ubehageleg det er å ligge å rulle på ei proppfull vom og få massasje. Vel, det vart rett så behageleg etterkvart!

Etter frukost mandag morgon var det å settje seg i bilen igjen, 70 mil venta. Turen gjekk «smertefritt», der eg sat med koffertar stabla til taket ved sida av meg i det sjette av sju seter. Etter femten timar var vi framme i Pathankot, hos Darshin og Johnny. Dei bur greit, i det vi ville kalla eit townhouse midt i byen. Standarden er så som så, etter vår målestokk, men så skal vi hugse at «vår målestokk» for korleis middelklassa bur, er bortimot unik i verdssamanheng. Det var spesielt å sjå bilete av oss på veggane rundt om i huset, vi som aldri har vore i India, eller hatt noko kontakt med «slekta» der… Sagar hadde sitt eige faste rom i huset, som Maja og eg sov i.

Pathankot er den nordlegaste og 5. største byen i Punjab-provinsen med omlag 180 000 innbyggjarar. Byen er den «siste» på National Highway 1, som bind saman delstatane Jammu og Kashmir med resten av India.

Litt trening fekk eg heldigvis lagt inn, «Urban Indian NMT Branch, roof-top-style, Pathankot..»

Noko av det eg sette mest pris på i India, og i Pathankot i sær, var å ta spaserturar åleine rundt i gatene. Observere folkelivet, atmosfæra, trafikken, ta bilete og videoar. Eit lite eksempel på typisk elektrisk opplegg i Indisk by, under…

El-tryggleik står høgt på agendaen i India..

Ein del artige namn/firmalogoar.

Marsides Benz. «We get you there!»

Vi vart hovudsakleg innviterte med på denne turen for å delta i eit bryllup. Indiske bryllup er i grunn eit kapittel for seg. Makan til «show-off» skal ein leite lenge etter. Alt er så pompøst og overdådig at det halve kunne vere nok, spør du meg, men slik er det altså. Bryllupsarrangement er ein eigen leveveg i India. Overalt langs vegane frå Delhi til Pathankot, passerte vi opplyste lokale der det var bryllup. «Alle» legg svære ressursar i eit bryllup, «spare no expence!», og det synest verkeleg. Fleire hundre gjestar er heilt vanleg, tre dagar til ende likeså. Ikkje i noko bryllup eg har vore i ville songen «pomp and circumstance» passa betre. Pomp og prakt er stikkordet. Fullt AV-team med lyssetting dokumenterte heile showet. Brur og brudgom er nedleste i gull, konvoluttar med pengar skiftar hender heile tida. Men det rare var at når alle 400  omsider hadde gassa seg i varmrettar frå eit 50 meter langt annrettingsbord, så gjekk dei fleste, utanom næraste slekt. Folk åt og drakk forøvrig som om det var   «det siste måltid». Ei sær oppleving.

Etter dette bryja sjølve vigsels-seremonien, som varte og rakk i timesvis med messing/resitering av ein hindu-prest. Vi forlot herlegheita etterkvart, med vår trufaste, alltid tilstadeverande sjåfør. Sagar måtte pent vere att som ein viktig person i det reint seremonielle, sittjande i skreddarstilling i time etter time…

Frå venstre: barndomsven av Sagar, Maja og underteikna, svigerfar Sagar til høgre. Brureparet under.

Mellom Sagar og Maja: far og mor til brura. Mor er syster til Sagar.

På veg ut til bilen materialiserte det seg brått «eit spøkelse» ut frå mørkret. Vi skvatt frykteleg begge to. Der stod det plutseleg ein mann, berrføtt, nesten utan klær, heilt grå-bleik og forfrosen. Han hadde det ikkje godt, klarte knapt å snakke. Eg undrast om han er i live i dag. Det skal ikkje vere veldig kaldt før ein frys i hjel, utan klær eller skydd, og fullstendig underernært. Det er ei oppleving som sit i minnet. Snakk om kontrast til den fråtsinga vi nett hadde vore med på. I desse førjulstider kjem eg i hug «Piken med svovelstikkene», når eg tenkjer tilbake på denne opplevinga. Eg er usikker på kor mange milliardar handelsstanden i Noreg omset for, desse vekene før jul, men det er ikkje få. Vi har eit kvalmande forbruksmønster her på oljeberget.

Dagen etter brylluppet var eg naturlegvis dårleg i magen. Det var sjølvsagt eit par ting eg blei tilbydd, som eg ikkje klarte å takke nei til. Maja stod knallhardt i mot, og var dermed heilt fin. Lange bilturar i India med dårleg mage er topp, og kan anbefalast,- topp stemning! Er du på tur i India er det to ting som er heilt essensielle: do-papir og antibac. Toaletta er av høgst varierande standard, hygienestandarden er slett ikkje slik vi er vande med, og toalettpapir finnast som regel ikkje. Dersom der er vass-klosett, er dei derimot utstyrt med ein strategisk plassert «spylar». Etterkvart som eg vart temmeleg sår der bak, tok eg faktisk i bruk «spylaren», og det var rett så behageleg, Men pass på å ikkje skru på for hardt trykk! Ikkje fullt så triveleg med full spylings ut over alle breidder.

Dagen etter bryllaupet stod ein tur opp i fjella til Dharamsala i Himachal Pradesh på planen. Når det vart for varmt for britane i kolonitida, flytta dei administrasjonen opp dit om sommaren. I dag lev Dalai Lama der i eksil. Bilturen opp dit var flott, gjennom nydeleg landskap med spredd bebyggelse, skogkledde åsar og djupe elvedalar. Vegen snirkla seg fram med høgst varierande standard.

India har fått hjelp av norsk kompetanse på vasskraftutbygging. Alle vassdraga var regulerte, og hadde dermed lita eller inga vassføring. Det hadde vore flott å sjå desse elvane frå Himalaya i vill flukt sørover, gjennom djupe djuv og kløfter, men det er altså prisen for rein kraft. Etterkvart som vi klatra oppover vart usikta stadig meir storslått. Her kjende vi for første gong frisk luft, slik vi er vande med her i Noreg. Det er vel unødvendig å seie at eg trivdest betre og betre etter som vi kom opp i høgda.

Dharamsala

Dharamsala ligg omlag på 1800 moh, og har ei heilt spesiell atmosfære, veldig ulikt det vi ellers hadde opplevd i India. Palasset til Dalai Lama og den Tibetanske påverknaden var veldig tydeleg. Vi såg mange «fjell,- og klatre-bomsar». Mange åndeleg søkande og alternativt innstilte menneske frå vesten søker også hit. Rundt omkring på diverse barar og buler er det også relativt fri flyt, og tilgang på «åndeleg stimulerande substansar», for å seie det slik. Johnny hadde veldig lyst til at vi skulle ta ei overnatting der oppe og freeke litt ut. Forsovidt freistande, men med dårleg mage og ein dag til heimreise, fann vi det best å returnere ut på kveldingen. Kanskje like greit, trur eg.

«Dei fagre fjell i syningom!» Den toppen skal bestigast ved neste høve! Utsikt mot del av Himalaya frå taket på Dalai Lama sin residens. Hit skal eg definitivt attende!

Solnedgang..

Fredag var avreisedag. Avreise var sett til 1800. Flyet gjekk frå Delhi laurdag føremiddag kl 11. Dagen gjekk med til pakking og besøk hos familien til brura. Det var kjekt å prate med dei, og det stod ikkje på gjestfridom. Hadde vi hatt betre tid, skulle vi helst ha besøkt både den eine og den andre. Sagar fekk stadig telefonar frå slekt og vener som var litt betutta over at vi ikkje hadde besøkt dei. Familie er viktig i India. Alle ville at vi skulle bli lenger, og kunne ikkje heilt skjøne at vi ikkje berre kunne bli nokre veker til.

Avskjedsbilete hjå syster til Sagar.

Bilturen sørover til Delhi gjekk forsovidt greit, sjølv om det var slitsomt med «Delhi-belly». Det var såpass at eg ikkje torde å sove, i frykt for å slappe litt for mykje av i ein viss ring-muskel. Eg sit med ei kjensle av at eg var innom dei fleste toalett på vegen sørover, og alle sit friskt i minne.

Vel framme, i god tid, kunne vi slappe av på fly-plassen og få oss ein god frukost. Det var rart å ta farvel med India, onkel Darshin og Johnny. Darshin var tydeleg prega då vi sa farvel. I løpet av sju hektiske dagar har vi fått ein forsmak på India. Mange sterke inntrykk på kort tid. Vi skal heilt klart til India igjen ved eit seinare høve. Då skal vi ta med ungane også, settje av tre veker, og planlegge reisa på våre premissar, gjerne med ei vekes badeferie til slutt i Goa.

India kan absolutt anbefalst som eit reisemål. Ein må reise dit med eit ope sinn, og ikkje forvente ein avslappingsferie. Ein forlet ikkje India umerkte. India er eit utruleg komplekst samfunn. Det er mykje ved India som eg ikkje er begeistra for. Kastesystemet er offisielt avskaffa, men ikkje i praksis. Det sit djupt forankra i den indiske folkesjela, og ein er svært bevisst på kva kaste ein tilhøyrer, og ikkje minst kva kaste andre tilhøyrer. Det er ei veldig utprega «vi»,- og «dei»-haldning blant folk. Du kan godt seie at mange indarar eigentleg er svært rasistiske.

Eg skriv at vi ikkje såg så mykje fattigdom, men det spørs korleis ein definerar fattigdom. Om ein les norske media som beskriv «fattige» i Noreg, så undrar eg meg stundom litt over begrepet «fattig». Kva inneber det, eigentleg? -At du ikkje har råd til den nyaste IPhonen, at du ikkje kan ta heile familien til syden kvart år, at du ikkje kan kjøpe flotte julegåver til borna dine? Eller at du ikkje har nok mat, tilgang til reint vatten, helsetenester og manglar husly? For svært mange millionar menneske i India er det siste realiteten, og i praksis er det ingen veg ut av fattigdomen dei er fødde inn i. Dei er i praksis dømde til å vere der dei er utan moglegheit til å klatre på rangstigen i eit samfunn som ellers opplever enorm økonomisk vekst og framgang. Hadde vi hatt betre tid, hadde vi nok teke oss tid til å sjå litt meir av denne  sida av India, som det finnast mykje av i Delhi.

Vårt kjære kronprinspar lanserte uttrykket «dannelsesreise», og fekk mykje kritikk for det. Nokså uberettiga, synest eg. Eg trur dei fleste av oss som lever i vår vesle boble her i Noreg, og i sær i Asker og Bærum, hadde hatt godt av å sjå korleis dei fleste i verda faktisk bur, arbeider og lever. Ei slik reise kan hjelpe oss å settje ting litt i perspektiv, og det trur eg nokon og ein kvar har godt av!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *