28 medlemmer møtte opp til kveldens HARDtrening. Eg var ei stund spent på kor mange som ville kome når himmelens sluser opna seg kvart over sju. Men som besta sa: «det må vere en styrelse med ditta her!», for brått vart det opplett under oppstilling. No skal det seiast at det ikkje varte, men når folk er varme og sveitte, er regnet berre svalande og deileg. Ti tøffe to- minutters intervallar med brattbakken bak klubbhuset og rundt barnehageparkeringa, deretter knallHARDE «AMRAPS», tre runder a tre øvingar, tre minutt pr. runde. Liten avsluttande dessert med raske, korte drag og pushups i kvar ende. -Takk for strålande innsats i godt vestlandsvêr!
Eg vil minne alle medlemmer med familie om familiearrangementet til Nesøya Idrettslag: Nesøyaløpet laurdag 10. oktober! Les meir om løpet her: Nesøyaløpet på nesoyail.no Lenke direkte til påmelding her: https://reg.eqtiming.no/?EventUID=20188
Ps. Audun stod over treninga i kveld. Han ble far til en frisk & flott guttepjokk i natt! Godkjent fravær 🙂
-Erlend & Øyvind-