HARDtrening på Torsdag 22. oktober 2015

22 møtte opp til HARDtrening denne fine haustkvelden i lett fønvind! Kompakt økt med variert innhald. Kombinasjonsintervallar med løp og øvingar som salamander, harehopp, Amerikanar, pushups, kålorm og «Kine spesial-skøytehopp». Vi hadde også to reine løpsintervall a 5×45/15 med tøff styrkesirkel i midten, 10 øvingar, 2 runder, 45/15. Mykje som gjekk på sete, lår og bryst i kveld. Ikkje umogleg at nokon og ein kvar kan oppleve ein viss treningsverk på dei «riktige» stadane dei neste dagane!  Men alle er klare til ny dyst på tysdag. -Ta med ein ven!

Takk for flott innsats!

-Erlend & Jørgen-

IMG_6812IMG_6820IMG_6816

 

IMG_6814